Sauasanking paa kiwimaaten

Tre herlege dagar budde me hjaa Anette Heiberg og John Macdonald i Waikawa Valley i den soerlegaste delen av New Zealand. Dei tok hjarteleg i mot oss, og me kjende oss utruleg velkomne og heime hjaa dei endaa me dei berre har moett oss daa me var smaa, og som me knapt nok kan hugse. Kaupangerjenta Anette, som kjende baade mine og Katarina sine foreldre fraa tida ved SJH i Aurland, gifta seg altsaa med John, som paa den tida nett hadde kjoept sin eigen gard. Sett med vestlandsauge tykte me garden var enorm, og kunne berre staa aa maape naar dei fortalde at dei hadde 3400 sauer og ca 7000 lam, i tillegg til ca 100 kyr... oi oi oi! Me hadde det utruleg hyggjeleg der paa garden, og Anette sine kokekunstar og oppvarting gjorde at me fekk lada godt opp etter vekevis med campingliv.. Litt aktivitet blei det heldigvis og, daa me fekk bli med Anette paa pilates (faktisk veldig artig og eg kjem heilt sikkert til aa proeve dette i Bergen til hausten). Ein kveld tok Anette oss med til stranda, og me fekk med eigne auge, heilt gratis (!), sjaa to gulaugde pingvinar som hadde stilt seg opp paa ein stein. Den eine dagen fekk me heldigvis kome litt til nytte, daa me vart med John ut i pickupen, saman med hundane Jake, Rex og Lou, for aa samle og sortere nokre (snaue 3000) lam. Samlinga foeregjekk ved at me koeyrde rundt paa markene i pickupen ( naer slektning av gamlebilen heime og tek seg fram over alt) og stoppa innimellom naar John sendte ut ein eller fleire av hundane for aa jage eller hente sauer. Rett og slett heilt utruleg aa sjaa paa kor god kontroll han har paa hundane og korleis hundane utan problem fekk sanka alle dei 3000 lamma paa den same gjerda.

Pingu

Sightseeing paa stranda.

John og Rex har full kontroll.

Daa me (John og hundane) hadde samla gjengen fekk me endeleg bidra med noko, og hjalp til med aa jage sauene inn slik at John kunne sortere dei etter kven som var slakteklare og ikkje. Dagens gode gjerning! Kvelden fekk me for oss sjoelve daa Anette og John skulle paa aarsmoete i countryklubben, og me kosa oss med herleg middag, vin og "Slipp Jimmy fri"-filmen. Det blei eit triveleg opphald hjaa fantastiske folk!

Me fekk skyss med Anette og John til Dunedin, der dei skulle plukke opp yngste dottera Rita som gaar paa internatskule der. Skulle gjerne hatt meir tid der, men me rakk no i allefall aa gaa paa museet og sjaa paa levande sommarfuglar fraa heile verda, og ein runde paa farmer's market (handla deilige plommer og jordbaer) paa laurdag foeremiddag foer me flaug til Auckland.

Utruleg flotte, ikkjesant?

I gaar var det visst tsunamivarsel her etter jordskjelvet i Japan, det blei heldigvis ikkje noko av, men no tykkjer med det blir litt vel spennande her so no vil me snart heim! klem <3

2 kommentarer

Mari

13.mar.2011 kl.16:45

Ja, kom heim! De må slutta å rota dykk borti jordskjelv og trsunamiar og slikt!

Elles ser jo dette flott ut, tenk at de har fått sett ein ekte NZ sauegard! Og eg elskar biletet av Pingu, han er nydeleg :)

Gjøri Skjerdal

14.mar.2011 kl.03:09

Mari: Ja no skal me komma heim til gamle trygge Norge, skal bli godt! kjempekjekt aa faa besoeka ein gard, ser jo baade forskjella og likheita med heime kan du sei.. va veldig kult at vi endeleg fekk sett pingvinar, vi hadde berre sett ein daud tidlegare nemleg! Snakkast snart, klem :)

Skriv en ny kommentar

Gjøri Skjerdal

Gjøri Skjerdal

20, Aurland

Yo! Eg har no fått meg blogg, sidan eg ikkje er kjend for å sende ut postkort, brev eller e-postar i hytt og pine. Her får de ta ansvar sjølve dersom de skulle få behov for å vite kvar eg befinn meg og kva eg styrer med akkurat i denne augneblinken.

Kategorier

Arkiv

hits