Sauasanking paa kiwimaaten

Tre herlege dagar budde me hjaa Anette Heiberg og John Macdonald i Waikawa Valley i den soerlegaste delen av New Zealand. Dei tok hjarteleg i mot oss, og me kjende oss utruleg velkomne og heime hjaa dei endaa me dei berre har moett oss daa me var smaa, og som me knapt nok kan hugse. Kaupangerjenta Anette, som kjende baade mine og Katarina sine foreldre fraa tida ved SJH i Aurland, gifta seg altsaa med John, som paa den tida nett hadde kjoept sin eigen gard. Sett med vestlandsauge tykte me garden var enorm, og kunne berre staa aa maape naar dei fortalde at dei hadde 3400 sauer og ca 7000 lam, i tillegg til ca 100 kyr... oi oi oi! Me hadde det utruleg hyggjeleg der paa garden, og Anette sine kokekunstar og oppvarting gjorde at me fekk lada godt opp etter vekevis med campingliv.. Litt aktivitet blei det heldigvis og, daa me fekk bli med Anette paa pilates (faktisk veldig artig og eg kjem heilt sikkert til aa proeve dette i Bergen til hausten). Ein kveld tok Anette oss med til stranda, og me fekk med eigne auge, heilt gratis (!), sjaa to gulaugde pingvinar som hadde stilt seg opp paa ein stein. Den eine dagen fekk me heldigvis kome litt til nytte, daa me vart med John ut i pickupen, saman med hundane Jake, Rex og Lou, for aa samle og sortere nokre (snaue 3000) lam. Samlinga foeregjekk ved at me koeyrde rundt paa markene i pickupen ( naer slektning av gamlebilen heime og tek seg fram over alt) og stoppa innimellom naar John sendte ut ein eller fleire av hundane for aa jage eller hente sauer. Rett og slett heilt utruleg aa sjaa paa kor god kontroll han har paa hundane og korleis hundane utan problem fekk sanka alle dei 3000 lamma paa den same gjerda.

Pingu

Sightseeing paa stranda.

John og Rex har full kontroll.

Daa me (John og hundane) hadde samla gjengen fekk me endeleg bidra med noko, og hjalp til med aa jage sauene inn slik at John kunne sortere dei etter kven som var slakteklare og ikkje. Dagens gode gjerning! Kvelden fekk me for oss sjoelve daa Anette og John skulle paa aarsmoete i countryklubben, og me kosa oss med herleg middag, vin og "Slipp Jimmy fri"-filmen. Det blei eit triveleg opphald hjaa fantastiske folk!

Me fekk skyss med Anette og John til Dunedin, der dei skulle plukke opp yngste dottera Rita som gaar paa internatskule der. Skulle gjerne hatt meir tid der, men me rakk no i allefall aa gaa paa museet og sjaa paa levande sommarfuglar fraa heile verda, og ein runde paa farmer's market (handla deilige plommer og jordbaer) paa laurdag foeremiddag foer me flaug til Auckland.

Utruleg flotte, ikkjesant?

I gaar var det visst tsunamivarsel her etter jordskjelvet i Japan, det blei heldigvis ikkje noko av, men no tykkjer med det blir litt vel spennande her so no vil me snart heim! klem <3

X-tremsport

Hei. Tida for camping paa NZ er snart over, no gaar det straks mot den siste natta i vaar kjaere bil, som me kjem til aa sakne av heile vaare hjarte naar me maa levere han tilbake i morgon. Han har teke oss med paa ei fantastisk reise som me nok heilt sikkert aldri gloeymer!

Fraa Fox ville me vidare til Mount Cook, som er det hoegste fjellet paa NZ. I luftlinje er det berre nokre km fraa Fox, men eit nokre flotte fjelltoppar staar i vegen saa me maatte finne oss i aa koeyre omvegen rundt.. 5 timar.. Diverre var det regn og skodde den dagen me liksom skulle paa ekspidisjon, ikkje til toppen av Cook vel aa merke, daa den berre kan bestigast med fullt klatreutstyr, men me hadde eit haap om aa i alle fall faa sjaa eit glimt av det beroemte fjellet. som frykta blei draumen vaar knust pga skodda, men me fekk oss i alle fall eit par fine spaserturar (etter vaar maalestokk) og me fekk sjaa kjempeflotte innsjoear og brear.

Tasman Lake og Tasman Glacier ved Mt Cook.

Mt Cook der, bak skyene. Dei av dykk som fekk Mt Cook postkort faar heller nyte synet.

Turist paa "fjelltoppen" Key Summit", liten avstikkar paa vegen til Milford Sound.

Queenstown er liksom ekstremsportbyen her, der alle driv med skydive, strikkhopping og liknande. Me tok mot til oss og heiv oss med paa rafting, og hadde det utruleg i Shotover River, utstyrt med kvar vaar padleaare, mens me padla for livet i ein liten gummibaat med ein gjeng med tyskarar og guiden Tom. Hoegdepunkta paa turen var fem "fall' der me maatte klamre oss fast for ikkje aa havne i vatnet, samtidig som me proevde aa foelgje ordre som "forwards", "over left", 'hold on" og "get down!", den siste ogsaa ein advarsel om at sannsynet for aa gaa rundt ville auke overhengane i loepet av det neste broekdelen av eit sekund. Alt i alt, festleg! (Katarina tykte at det godt kunne vore litt fleire og brattare fall, men eg tykte det heldt lenge.) Bilete kjem litt seinare, trur eg.

Sidan me hadde bil og alt tykte me at me utnytte mobiliteten vaar med aa koeyre vidare, og havna i Te Anau, som er ein liten by som ligg inntil Fjordland nasjonalpark. Her ligg alle New Zealand sine beroemte fjordar, som ein som ekte turist ikkje kan kome unna. Ja ja, me hadde jo sett det foer, men me maatte jo nesten finne ut om dei var saa flotte som dei sa, og om dei i det heile teke kunne maale seg med dei flotte fjordane me har heime. Me koeyrde difor utover mot Milford Sound, den flottaste av dei alle, og fekk oss ein fin fjelltur (sjoelv om ordet fjelltur faar ein litt annan betydning naar ein gaar i tjukkaste bushen) paa vegen ut dit. Turen til MS blei baade skuffande og tilfredsstillande kan ein seie. Sjoelve Milford Sound bestod eigentleg berre av ein crusebaat-terminal, fem parkeringsplassar og ein heil del lodges, dyre motell som cruisepassasjerane kan bu i foer eller etter dei gaar i land. Me tykte det var noko som mangla, eit tog til doemes, i alle fall ein cafe der me kunne kjoept oss ein kaffikopp. tilfredstillande, i det me kunne konstatere at fjorden heime er myyyykje finare, den kan me i alle fall sjaa.

Milford Sound. Kva er liksom saa spesielt med dette, haaee??

No er me tilbake i Queenstown og har levert fraa oss bilen, det blei eit trist farvel med vaar limegroene foelgjesven dei siste 11 dagane. Me sit att med hundrevis av minner og erfaringar fraa svingete regnskogsvegar, endelause, groene marker dekte av tusenvis av kvite ullballar (sauer) og ikkje minst samanraste bygningar og heimlause innbyggjarar i det jordskjelvramma Christchurch. Baade paa godt og vond altsaa.

Katarina shinar bilen saa den er rein og fin til dei neste, heldige leigetakarane.

I morgon tidleg tek me bussen til Invercargill og Edendale endaa lenger soerover, der skal me bu hjaa Anette Heiberg og mannen John Macdonald paa sauefarmen deira. Lurer paa om sauehald her i det heile teke kan samanliknast med pappa sine femogtjue vinterfora halvoekologiske hobbydalasauer heime.

klem fraa Gjoeri (og Katarina, som blei 21 aar her hin dagen og er vel noegd med det).

Roadtrip!

Daa er roadtripen i gang! Me ga full gass, i var fantastiske van, mot vestkysten der me hadde hoeyrt det skulle vere spesielt flott.

Over Arthurs Pass var det reine Flaamsdalen, med utsiktspunkt baade her og der, og ikkje minst regn. Foerst daa me komm over fjellet til vestsida klarna det opp, og me fekk med oss dei siste solstraalane foer me slo leis paa Jackson Retreat holiday park, perfekt! om morgonen gjekk me ein liten bush walk igjen, i ekte reknskog. Saa koeyrde me vidare vestover til Hokitika, der me handla litt noedvendige suvenirar og chilla paa stranda ein times tid. Me dura vidare langs havet, inn i bushen og gjennom kilometervis med beite for sau og kyr, i eit heilt fantastisk flott landskap som til og med faar oss, bortskjemde med norsk natur, til aa knipse i veg og bruke opp batteria paa kameraa vaare. Me enda opp i Fox Glacier, den vetle byen som ligg rett ved Fox Glacier (isbreen), og var booka og klare for bretur dagen etter.

Breturen var fantastisk, bileta seier meir enn ord her!

Det var nokre glimt fraa eventyret vaart saa langt, sjoelv om eg har saa mykje, mykje meir eg vil fortelje!! klem :)

Tid for camping - Abel Tasman nasjonalpark

No er det ei stund sidan forige oppdatering, men her kjem den endeleg. Me har opplevd saa utruleg mykje spennande og hatt det fantastisk kjekt, men midt oppi alt saa kom det store jordskjelvel i Ckristchurch som de sikkert har hoeyrt om, og som sjoelvsagt paaverkar oss som alle andre som er her paa NZ. At ein saa enorm tragedie kan hende berre faa timar unna der me ligg paa ei nydeleg strand og anar fred og ingen fare, er heilt uverkeleg.. Meir om det snart..

Eg maa vel nesten seie at hoegdepunktet saa langt var dei tre dagane i Abel Tasman nasjonalpark, nord paa soeroeya. I tre dagar (to netter) traska me rundt i bushen, sola oss og campa paa gule strender ved det knallgroene Tasmanhavet, heilt fantastisk!! Den siste natta slo me opp teltet paa stranda i Apple Tree Bay, ein heilt paradisisk stad som me berre maatte dele med eit par andre camparar, nokre kiwi hytteeigarar i bushen like bak og eit par pingvinliknande fuglar som stod paa stranda og stirra paa havet i over to timar. Litt action blei det ogsaa, daa me kl. 11 om kvelden blei skremt livet av daa ein possum (kjempesvaer, rotteliknande dyr paa stoerrelse med ein katt, importert fra Australi for pelsoppdrett) proevde aa bryte seg inn i teltet vaart i haap om aa stjele med seg maten vaar som laag i ytterteltet.. to lysande gule auge stirra paa oss daa me so vidt vaaga aa titte ut av teltduken, skumle dyr.. det var foresten den einaste levande possumen me har sett her til no, endaa me har sett ein heil del overkoeyrde langs vegane her, ca ein per andre km.. Seinar paa natta blei me vekte igjen av boelgene, som daa var komne faretruande naerme teltet. for sikkerheits skuld drog me campen litt lenger opp, slik at me fekk sova godt resten av natta. Men trass i possumar og tidevatn, var det den finaste campingen eg nokon gong har vore paa, den gloeymer eg nok aldri!

Er dette pingvinar??

Camp i Apple Tree Bay

Den siste kvelden i Abel Tasman var ogsaa daa me fekk hoeyre om jordskjelvet, daa to nederlendarar plutseleg kom ranglane rundt eit nes og tok med seg den verkelege verda inn dit til den fredelege paradisstranda vaar. dei visste heller ikkje mykje, men tipsa oss om at turen vaar til ChCh kanskje ikkje blei heilt som me hadde planlagt (planen var aa plukke opp ein campervan og henge der ein dag eller to). Men det var foers daa me kom ut av nasjonalparken og fekk sjaa i avisene og hoeyre paa radio at me verkeleg byrja aa fatte omfanget av katastrofen. Me ringte til bilutlegefirmaet (wicked campers) og dei meine det skulle gaa fint likevel, saa me haapa paa det beste og sikta oss inn paa nettopp Christchurch.

Me leigde oss ein bil fraa flyplassen i Nelson, saa var det berre aa legge seg godt ut til venstre og haape paa det beste!! Paa vegen besoekte me nokre fhs-vener av Katarina som jobba paa ein vingard i Blenheim, det var kjempekoseleg og me fekk god mat og vin. Me campa paa ein superharry motor camp i Seddon, saa reiste me vidare til Kaikoura dagen etter, der me var ei natt. Vegen langs austkysten nord for Christchurch var heilt utruleg fin, og daa me stoppa paa ein rasteplass laag det ein heil koloni med feite selar og sola seg i fjoeresteinane! i Christchurch leverte me bilen, fekk ein shuttle inn i byen til campervanfirmaet, og i den blei me sitjande i 1,5 t da det var fullt kaos i trafikken pga jordskjelvet. halve byen var avstengt, somme folk roemte ut av byen mens andre proevde aa koeyre inn for aa redde ting ut av husa sine eller delta i redningsarbeidet.. dette var paa fredagen, tre dagar etter skjelvet, og det var akkurat komme bensin paa bensinstasjonane att, saa der var det ogsaa berre kaos.

 

Heldigvis, etter mykje venting og styring hadde me installert oss i ein utruleg shabby, men heilt FANTASTISK campervan, dekorert tett i tett med groene, treaugde aliens. Paa utruleg vis greidde me aa smette elegant ut av kaoset i ChCH og ut paa landevegen att, paa veg mot vestkysten.

Taupo og Wellington

Fraa Rotorua drog me vidare tol Taupo, ein times tid med buss soerover. hundrevis av brosjyrar paa turistinfoen proevde aa lokka oss med paa meir eller mindre ekstreme aktivitetar som rafting og elvepadling, og ikkje minst skydiving (hoppe fraa eit fly fraa 1000 m hoegde ) som er det hottaste hotte her oppe.. jordnaere som me er valde me ein litt meir behageleg variant, nemleg ein guida kajaktur paa innsjoeen Lake Taupo, der me blant anna fekk sjaa nokre kjende maoriuthoggingar i klippene rundt sjoeen. me fekk tideens kjekkaste guide som viste seg aa ha ein som var gift og busett i Noreg, og joda, han hadde no baade teke Flaamsbana og hurtigbaaten fraa Flaam til Bergen, saa me hadde mykje aa snakke om! han fortalde mykje om maorikulturen og mange av maorimytane om landskapet kring innsjoen, der alle fjelltoppar, nes og klipper har sin eigen historie. The Carvings, som var maalet for turen, er nokre enorme utskjeringar i klippeveggen som berre er synlege fraa vatnet, utruleg spesielt. litt skuffa blei me likevel da me blei fortalde at utskjeringane blei laga i 1981 og soleis berre er vel 30 aar gamle, daa me av ein eller annan grunn hadde forventa aa faa oppleve ein nokon-og tusen aar gamal, vel ebvart maoriroeyndom.. men flotte var dei!

I gaar kom me til Wellington, hovudstaden, som ligg heilt soer paa nordoeya. dagen har gaatt med museumsbesoek paa Pe Tapu Museum of New Zealand, ein smule shopping, kafesitjing og ein liten togtur alla Floeyen opp paa ein litten topp rett ved byen. Wellington er ein ganske liten by, kanskje paa stoerrelse med Bergen, men veldig koseleg med havna og mykje aktivitet i gatene. I morgon tek me ferja til soeroeya, saa faar me sjaa kva som skjer!!

Kiwifugl paa museet.

Wellington!

Ein stinkande by

No er me i Rotorua, ein by ca midt paa nordoeya. ein ganske alminneleg by ved foerste augekast eigentleg, stille og roleg og ganske kjedeleg. MEN, her er det mykje moro aa finne paa likavel, viste det seg fort. byen ligg midt i eit omraade med mykje vulkansk aktivitet, og har fleire enorme "thermal areas", store omraade med kokande gjoermehol, lysegule innsoear og geysirar! ein av desse er Wai-O-Tapu, "staden med dei heilage vatn" eller noko liknande.. dit drog me i dag tidleg, i ein minibuss med tidenes festlegaste sjofoer, Kate :) her fekk me full guiding og laerte mykje nytt og spennande, faktisk. foerst fekk me sjaa "The boiling mud pool", eit digert gjoermehol med kokande gjoerme. kult. saa kom fekk me oppleve showet til geysiren Lady Constace Knox, som har utbrot kvar dag kl 10.15, ved at ein fyr puttar eit soepestkke oppi slik at noko reagerer og greier.. veldig loege, men kjekt aa sjaa paa! men maa inroemme at Geysir paa Island var 20 gonger meir futt i.. saa blei me sluppe laus i den store Thermal Wonderland, der me fekk spasere rundt og beundre endaa fleire kokande gjoermehol, lysegule sjoear og fargesprakande strender. det var utruleg kult, og facinerande!

me stakk heim til hostellet og fiksa litt mat, saa tok me Skyline (miniversjon av dinglodanglo) opp i ein liten aas, blei plassert oppi pittesmaa gokart-liknande bilar, utan motor altsaa, og saa bar det utfor med oss. dagens hoegdepunkt, utan tvil!

 

Sykkeltur til Cathedral Cove

13. feb: I gaar tok vi bussen fraa Auckland til Whitianga, ein liten vest paa nordhoeya. veret var ganske skuffande daa me kom i gaar kveld, graatt og pissregn, men i dag var det betydeleg forbetra, heldigvis. me tok inn paa eit koseleg hostel, fekk ei god natts soevn paa ein overfylt sovesal, og var klar for adventure i dag. og der var internetttida ut gitt...

14. feb: altsaa, i gaar leigde me oss syklar, tok ei lita ferje over ein bekk og sykla til Hahei, ca 12 km trur eg. fraa toppen av ein bakketopp maatte me hoppa av syklane og fortsette til fots ein halvtimes tid, foer me naadde maalet vaart for dagen: Cathedral Cove. CC er eigentleg berre eit hol i ein klippe paa ei strand, men var no ganske kul likavel. foresten trur eg eg har lese at nokon av senene fraa den andre Narniafilmen er spelt inn der, de veit den naar dei plutseleg har hoppa fraa togstasjonen og kjem ut fraa ei hole til ei strand? Uansett, der laag me heile dagen, plaska litt i boelgene og aat plommer som me kjoepte langs vegen. Sjelvsagt blei me begge vanvittig solbrende, endaa me smurte med faktor tretti (vel og merke naar me la oss ned paa stranda for aa sole oss, og allereie hadde vore ute i sola i vel to timar). smart

I dag var planen aa vitje den andre av dei to hovudattraksjonane her ute, nemleg Hotwater Beach. me tok ein shuttle buss ut, den kjempehygjelege sjaafoerdama foreslo at me kunne droppe sekkane av paa campingplassen paa Hahei Beach, og det gjorde me for der hadde me store planar om aa slaa opp teltet og leve campinglivet fullt ut. so for me vidare til Hotwater Beach, kl 10.00 om morgonen, daa det var viktig aa vere der naar det var laagvatn. paa Hotwater Beach kan ein nemleg grave seg eit hol i sanden, og opp kjem det vatn med ein snitttemp paa 64 gradar! ganske sproett... so maa ein sjoelv regulere temperaturen i "badekaret" med aa ta inn passeleg med havvatn. diverre hadde me ikkje spadar til aa grave med, so me fekk ikkje laga vaar eigen private badestamp paa stranda. dessutan tykte me det var lurt aa halde seg mest mogleg ute av sola, etter aa om morgenen ha synfart resultatet av den totalt uforsvarlege hoegintensive solinga dagen foer.. me fann oss heller ein fin skugge under eit tre og aat meir plommer. tilbake til Hahei fekk me haik med ein koseleg irishman, so sette me opp teltet og har kosa oss og daffa resten av dagen. til middag fann me paa ein heilt fantastisk rett, som inneheldt desse godsakene: tortillalefse med spinat og pesto, philadelphia smoerjeost, italienske poelser (?), avokado og tomat! fantastisk campingmat! i morgon skal me ta Naked bus (billig buss som koeyrer til alle avkrokar av NZ) til Rotorua, litt lenger soer paa nordoeya. her er det visst veldig vulkanske og mange varme kjelder og eit par geysirar.. spennande! Natta <3

PS: hoeyrte rykte om at det var naerare -30 i Valdres i gaarmorgon.. me tykkjer me har det heilt greitt her, trass i saare og raude stumpar ;)

Reisa inn i framtida

jess, me kom oss velberga fram til new zealand! kjennes ganske uverkeleg, no er me her faktisk, etter ein heil vinter med planlegging og fundering..  og det er jo faktisk ganskje utruleg, me har jo reist rundt halve jorda.

tre doegn tok turen, som starta heime i aurland daa me passeleg forventningsfulle og livredde sette oss paa sognebussen til bergen. i bergen bar det direkte til flesland, der flyet til london skulle lette kl 19. so far all good! i london hadde me bestilt oss rom paa Gainsborough lodge guesthouse, eigentleg ikkje i london men i ein liten landsby rett atmed gatwick, horley. paa gatwick fekk me beskjed om aa ringe til gjestehuset fraa den gule telefonen paa bussplassen, saa ville dei komme aa hente oss. fantatisk! gjestehuset var  drive av ein indisk storfamilie saa karrieimen var godt inngrodd i teppegolva, men elles heilt ok for ei natt.

katarina snakkar i den gule telefonen.

dagen etter valde me aa vente i Horley, daa me frykta at ein dag i london lett kunne svi av store deler av det vetle reisebudjettet me allereie hadde.. kl. 17. drog me til flyplassen att, om mogleg enda meir forventningsgulle og livredde.. heldigvis gjekk alt heilt fint, me var jo litt nervoese for om katarina sin billett ville bli godkjent sidan namnet var skrive litt feil. NULL STRESS!

saa var det flyturen; foesrt sju timar til dubai, derifraa nitten timar til auckland. NITTEN!  turen var uendeleg land, smertefull og kjedeleg, men gjekk overaskande fint. me skal nok overleva heimattturen og!

i auckland maatte me gjennom mange loegne sikkerheitstiltak, daa det er veldig streng her kva ein faar lov til aa ta med inn i landet. all mat er strengt forbode, og alt som er laga av naturmateriale som tre, bein og skjel blir noeye kontrollert. dei sjekka om me hadde jord paa skoa, og teltet matte undersoekast paa biologisk lab foer det heldigvis blei godkjent og me fekk ta det med oss! tippar det blei rimeleg desinfisert etter hovefestivalen i sommar, sigrid ;) fraa flyplassen tok me ein shuttle, liten minibuss, til Titirangi, ein forstad til auckland der me skulle moete anna Macdonald og kjearasten lionel. dei er herlege folk og utruleg gjestfrie, planen er aa vere her i to netter so reise vidare. utruleg god aa ha ein stad aa roe ned og komme til hektene att etter turen! i da fekk me sova ut, aat sein frukost og slappa av. lionel var paa jobb men anna var heime og tok oss med paa ein liten tur i naeromraadet, litt kjekt for ho og sidan dei nettopp har flytta inn her.  her er det herleg sommarver, straalande sol og godt over 20 grader. me har hoeyrt at sola er veldig sterk her, saa sannsynet for at me kjem til aa brenne oss, og det kraftig, er desverre veldig stor.. men men, da blir me brune og fine etterpaa ;)

I.S.O.L.A.S.J.O.N.

Då sat eg her, på fjerde dagen med stengt veg. For andre gong på under ei veke har den mykej omtalte vegen vår, fylkesveg 242, blitt stengt pga snøras, og kommunen ser ikkje ut til å ville sleppe oss ut med det første. Men livet må vidare, me skirdøler let oss ikkje stoppa av litt snø i vegen.. Difor er pappa reist til Oslo på fjellfjomsamling, han tok sekken på ryggen og lappa over snømassane i gårmorgon, før nokonfrå vegtrafikksentralen hadde vakna. Mamma var heilt nøydd til Leikanger i dag, brukte same taktikk og kom seg velberga forbi Snaubergi og Gjeldajuv. No høyres dette sikkert veldig dramatisk og farleg ut, men men me kan lova at forholda i går og i dag var særs stabile og det er liten sjanse for at det skal gå fleire ras i augneblinken! So no ventar me berre på at nokon ska få ut fingeren og grava oss ut..

Siste nytt er at vegen IKKJE bli opna i dag heller, men ryktet seier at Reinhardt vil setje opp båtrute mellom Vangen og Skjerdal kai, ja takk!

Rasisolerte bygder på Vestlandet er den heitaste saka i riksmedia om dagen, og dei siste dagane har det vore litt av eit mediakøyr, hehe. Det byrja med at Espen og Bengt Erlend tipsa TV2-nyheitene, som diska opp med storoppslaget "Isolerte innbyggere må handle hos hverandre". Oisann, ja så langt har det faktisk gått, at me må handle livsviktige varer som kaffi og tobakk hjå naboen... Søndag spaserte mamma og pappa ned for å ta ein titt på åstaden. Pappa tok nokre bilete som han sendt inn til NRK Sogn og Fjordane, og vips så hadde me heile pressenoreg på telefonen. Me storkosar oss, og ler godt av journalistane som tykkjer heile greia er kjempedramatisk, og stille dumme spørsmål om kva me vil gjere dersom ein nødsituasjon skal oppstå, eller om me er redde for å gå tomme for mat. Ehh, tja, kva skal ein seie?

Siste utvikling i saka er at Maria Torheim, journalst i Dagbladet, ringte og ville ha bilete frå rasstaden og helst frå kaffidrikkinga på Buvollen, som var opphavet til "Isolerte innbyggere måtte handle..". Og så vile det vore fint med eit lite intervju, det går vel greitt? So hugs å les Dagbladet i morgon! HAHA.

Hin dagen, då det faktisk var ope, var eg med Mariken og trena med Chili. Planen er å køyre ho inn i vinter, og med slike flotte forhold med mykje snø låg alt til rette for ei trygg og god økt. Mariken har gjort ein kjempejobb med treninga i vinter, så no er ho sååå roleg og vaksen. Og utruleg lærevillig, ikkje minst! Treninga gjekk veldig bra, ho måtte dra både plastrøyr og palle med både trekkliner og tredrag. Flinke Chili<3

Mariken og Chili, sjå ho står heilt i ro!! (Chili altså)

HURRA!!! NRK SFj melder at vegen opnar i dag likavel. Flaks for dei på Vangen, som ikkje lenger er isolerte frå sola.

Eg vil UUUUUT!!!

Javel. Da sat eg her, innesnødd, og høyrer på "Livet er for kjipt" på radio, mens eg vrenger hovudet etter gode idear for korleis eg skal lura Emirates Airlines til å ta meg med, UUUT, på trass av ein pitteliten skrivefeil på reisedokumenta. Eg skulle vore på jobb, på likningskontoret og lensmannskontoret, men eg kjem ingen veg. I alle fall ikkje i dag, på denne heilsvarte, snødrivande og triste 11. februar 2011. FLOTT

Så da tenkte eg: Kvifor ikkje nytte denne ellers så bortkasta dagen til å skrive litt på bloggen? Er jo diverre blitt ei god stund sidan sist...

Det er no to heile to månader sidan eg kom heim frå mitt herlege Portugaleventyr. Planen var å bu billig og komfortabelt heime hjå mor og far, og så jobbe så mukje som mogleg for å få råd til endå meir farting til våren. So langt har planen fungert sånn rimeleg bra, med jobb i både heimesjukepleien og barnehagane i kommunen, pluss litt ymse småjobbar heime i Skjerdal, er det aldri noko problem å få seg nok arbeid (so sant ein ikkje sit innesnødd på grunn av ras..). Sparegrisen blir tyngre og tyngre for kvar dag som går, og om alt går etter planen vert det avreise NEW ZEALAND den 7. februar!

Elles må eg jo innrømme at vinteren ikkje har vore so aller verst, fram til i dag vel og merke. So no vil eg prøve å oppsummere litt av det eg har føreteke meg etter eg kom heim, innimellom all jobbinga.

Allereie før eg reiste til Portugal hadde ein tanke om å kjøpe bil teke til å gro i hovudet mitt, og når eg kom heim var det bestemt. Då var det rett inn på Finn.no og leite, og jammen, ein lekker plommeraud Suzuki Baleno var til sal i Steinkjer! Morfar vlei sendt ut på prøvekøyring, og bilkjøp vart det. Eg og mamma drog opp for å skrive under på papira og ta med vidunderet heimatt.

Fersk, men nøgd. bileigar. Kan nesten ikkje få sagt kor nøgd eg er, ein super vinterbil men plass til ski og kva det skulle vere!

Årets første skitur gjekk til Bjørgo med Katarina og Mathias. Sjølv om snøen berre so vidt dekka vegen, var det inga hindring for ein gjeng med entusiastar som oss, det blei en kjempefin tur og nistepakke og bålkos på Kvammadal.

 

I november vart det ein aldri so liten bytur, då det var klart for julebord for fysioterapistudentane (som eg framleis reknar meg som ein del av, sjølv om eg har permisjon). Det blei ein festleg kveld med herlege folk!

God underhaldning stod det ikkje på!

Så til det absolutt største høgdepunktet i vinter, nemleg EM i handball i Danmark meg Gry! Det vart ei uforgløymeleg handballhelg i Herning, med heiing fest og moro. Heilt utruleg å få oppleve finalen der Noreg stakk av med det fjerde EM-gullet på rad, og ikkje minst å få at del i festen etterpå! Eg og Gry kunne nesten ikkje tru våre eigne auge når me plutseleg befann oss på sjølve Banketten, der me fekk feira gullet med landslagsjentene, familiane deira og sponsorar. Ei uforglymeleg oppleving!

 

Landslagsdrakta fekk eg i gebursdags-/julegåve frå Karoline, den kom godt med!

Jule- og nyttårshelga vra prega av mykje familiekos, som innebar mellom anna ufatteleg mykje god mat og julesnop, Besserwisser- og Fantasispeling og leik i snøen på Nigardsgjerda. Litt jobbing innimellom då, men mest kos!

Knusing av peparkakehus nyttårsafta.

2. nyttårsdag måtte gode gamle Raui til pers, når materialar til skotet skulle fraktast til Leim. Det var tungt for ein gamal pensjonert hest, men ho gav på og me gode pausar kom me til topps! Flinke Raui altso!

Evigunge Ravndøla sluttar aldri å imponera!

OK då, so har eg ikkje hatt det so gale i vinter. Likevel kjenner eg no at backpackaren vaknar frå vinterdvalen og er klar gor ny tur, og tur skal det bli dersom eg og Katarina får det som me vil. Og det får me.

Godt nyttår!

Les mer i arkivet » Mars 2011 » Februar 2011 » Januar 2011
Gjøri Skjerdal

Gjøri Skjerdal

20, Aurland

Yo! Eg har no fått meg blogg, sidan eg ikkje er kjend for å sende ut postkort, brev eller e-postar i hytt og pine. Her får de ta ansvar sjølve dersom de skulle få behov for å vite kvar eg befinn meg og kva eg styrer med akkurat i denne augneblinken.

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits